Hopp til hovedinnhold

Samtykkeskjema for bruk av bilete

Vi syns det er kjekt å dela glimt frå skulekvardagen på nettsidene våre, sosiale medier og i reklamemateriell. Vi håpar at du som elev tenkjer det er greitt å vere med på bileta vi publiserer. Derfor ønskjer vi at du signerer vårt digitale samtykkeskjema.

Er du under 16 år, må føresette signere avtalen òg. Det blir sendt melding om signering til føresette etter at du som elev har signert og meldt inn nødvending informasjon. 

Her kan du signere vårt digitale samtykkeskjema. 

Innhaldet i samtykkjet

Vestland fylkeskommune bruker bilde i ulike media som t.d. internettsider, intranettsider, sosiale media, reklame, presentasjonar, brosjyrer og anna.

Bileta kan bli redigert, bearbeidd eller kombinert med tekst og grafiske uttrykk. Alle personar i bileta blir framstilt sympatisk og positivt. Bileta vil ikkje bli selt til andre partar, men dei kan bli brukt i andre media, t.d. når vi sender pressemeldingar til aviser eller liknande.

Bileta kan også ligge i eit fotoarkiv, der media og andre relevante aktørar kan bruke bileta i saker og tekstar som omtaler fylkeskommunen, våre tenester eller der det er relevant. Vi kan ikkje garantere for at bilete ikkje kan bli kopiert av andre frå t.d. internett.

Vi kan ikkje tilby honorar for bilde, og du må avstå frå krav om dette i framtida.

Du har rett til å be om å trekke tilbake samtykket i ettertid. Dette gjer du ved å vende deg til kommunikasjon@vlfk.no

Dersom du godtar desse vilkåra kan du fylle ut informasjonen på neste side. Vi takkar for at du vil støtte oss!