Rådgjevarane våre

Sosialrådgjevar

Rita Haukaas er sosialrådgjevar ved skulen vår. Sosialrådgjevar sin funksjon er å hjelpe deg som elev til å finne deg til rette i opplæringa. Du kan snakke med sosialrådgjevar om kva som helst som kan opplevast som avgrensande i livet og skulekvardagen.

  • Sosialrådgjevarkontoret ligg i 2. etasje på gymnasbygninga.
  • Ta kontakt for avtale, gjerne på SMS. Du kan også sende melding på It's learning.

Karriererettleiar

Hildegunn Espe er karriererettleiar (yrkes- og utdanningsrådgjevar) ved skulen vår. Karriererettleiar sin funksjon er å hjelpe deg som elev til å gjere gode val når det gjeld utdanning, opplæring og arbeid, og til å handtere eigen karriere. Du får informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land, samt arbeidsmarknaden nasjoanlt og internasjonalt.

Utdanning- og yrkesrådgjevinga skal hjelpe deg som elev til å verte medviten på dine eigne verdiar, interessar og føresetnader. Dette skal gje deg sjølvinnsikt og auka evna di til å gjere gode utdannings- og yrkesval. Rådgjevar vil òg hjelpe deg med å vurdere konsekvensar av vala du gjer, og vil prøve å førebyggje feil val av utdanning eller yrke.

  • Karriererettleiar sitt kontor finn du i 1. etasje på yrkesskulebygninga ved administrasjonen.
  • Ta kontakt ved å sende melding eller ringe. Du kan også sende melding på It's learning. 

Ta kontakt

Rita Haukaas

sosialrådgjevar
Sosialrådgjevar Rita

Hildegunn Espe

karriererettleiar
Karriererettleiar