Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje elektro og datateknologi?
Elektro og datateknologi er eit framtidsretta utdanningsval som gjev deg mange moglegheiter. Med fagbrev innan elektro og datateknologi stiller du sterkt når det gjeld både arbeid og vidare utdanning. På vilbli.no kan du lese meir om elektro og datateknologi.
Sjå meir om korleis det er å vere elev ved elektro- og datateknologi på skulen vår:
Vi tilbyr
Odda vidaregåande skule har lang tradisjon for utdanning innan elektrofag. Vi har gode faglærar med lang erfaring frå bransjen.
Hos oss kan du søkje:
- vg1 elektro og datateknologi
- vg2 elenergi og ekom