Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Elevar på kjemiprosess

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.

Vestland fylkeskommune tilbyr utdanning som kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Du kan også få realkompetansevurdering og studierettleiing hos oss. Alle tenester er gratis for deg med vaksenrett. 

Fagoperatør for kjemisk prosessindustri ved Odda vgs

Ved Odda vidaregåande skule tilbyr vi utdanning som fagoperatør for kjemisk prosessindustri. 

Skuleåret 2022-23: vg1 teknologi- og industrifag (TIF)

Skuleåret 2023-24: vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag 

Vi følger skulen sin ordinære skulerute. Undervisninga vil gå føre seg på dagtid med 35 skuletimar per veke. 

Helsefagarbeidar / Samansett klasse unge vaksne Vg2

Skuleåret 2023-24 tilbyr vi utdanning som helsefagarbeidar for vaksne som har fullført vg1-løp tidlegare. 

Vi følger skulen sin ordinære skulerute. Undervisninga vil gå føre seg på dagtid med 35 skuletimar per veke.

 

Søk utdanning

Du søkjer på vigo no. Fristen for å søkje er 1. april.