Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Tenesta er gratis, gir dokumentert fråvær og vi har teieplikt.

Kontoret til skulehelsetenesta finn du i 1. etasje på gymnasbygningen, bak kantina.

Du kan bestille time ved å ta kontakt på telefon eller e-post, men du kan også kome innom og sjå om vi er ledig. 

Helsesjukepleiar er på skulen:

  • tysdagar kl. 08.00-14.30
  • torsdagar kl. 08.00-15.00

Fysioterapeut er på skulen:

  • annakvar tysdag i partallsveker kl. 09.00-11.00
 

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

Kontakt oss

Karin Melkeraaen Eike

klinisk helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar Karin

Karoline Vethe Karlsen

fysioterapeut
Fysioterapeut Karoline