Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Elevar frå helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Dette er eit utdanningsprogram for deg som ønskjer å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov. Du må trivst når arbeidsdagane endrar seg, og du må takle nye utfordringar kvar dag.

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær? På vilbli.no kan du lese meir om helse- og oppvekstfag. 

Sjå meir om korleis det er å vere elev ved helse- og oppvekstfag på skulen vår:

Vi tilbyr

På Odda vidaregåande skule har vi eit godt samarbeid med verksemder, kommunar og helseforetak i distriktet. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling og læreplassar.

Hos oss kan du søkja:

  • vg1 helse- og oppvekstfag
  • vg2 helsearbeidarfag

Søk opptak på vigo.no

Første skuleåret (vg1)

I løpet av det første året arbeider vi for eit godt sosialt miljø i klassen. Du lærer tidleg å ta vare på andre. Programområdet består av ein del teoretisk lærestoff som danner grunnlag for utøving av god praksis. To veker om hausten og to veker om våren har vi praksisperiode. Dei fleste får då prøvd seg i skule, barnehage og i sjukeheimar. Nokre får også prøvd seg innanfor andre yrke, som til dømes hudpleiar eller apotekteknikkar.

Vg1-klassane har gode tradisjonar for å hente inn fagkompetanse for å sjå på ulike yrkesvegar. Mellom anna har ambulansetenesta har vore innom og informert og vist fram utstyr som ein treng i yrket som ambulansearbeidar.

Andre skuleåret (vg2)

Hos oss kan du søkje vg2 helsearbeidarfag. Gjennom opplæringa skal du utvikle evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike kommunikasjonsevner. Opplæringa skal gjere deg skikka til å observere og få kunnskap om ulike sjukdommar, skadar eller lidingar. Du lærer også å sette i verk førebyggande eller behandlande tiltak.

Opplæringa skal:

  • utvikle evne til empati og personleg dugleik
  • gjere deg eigna for yrket
  • gje deg erfaring i samspel med menneske med ulike hjelpebehov
  • stimulere til å søkje kunnskap
  • legge grunnlag for livslang læring og aktiv deltaking i samfunnet 

Opplæringa skal vere tverrfagleg og praksisnær, og skal knyta teori og praksis saman. Faga legg opp til varierte undervisningsmetodar og ein vil veksle mellom teori og praksis både i skulen og på institusjonar.

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søkje læreplass i ei godkjent lærebedrift eller -verksemd.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.