Hopp til hovedinnhold

Samarbeid skule-heim

Vi ønskjer eit tett og godt samarbeid med føresette.

Skulen kallar inn til møte for føresette for elevar på vg1 og vg2 tidleg i skuleåret. Her har kontaktlærarane eit særleg ansvar når det gjeld informasjon om klassa og den enkelte elev. Kontaktlærar har i tillegg ansvar for å organisere, gjennomføre og dokumentere konferansesamtale i løpet av første halvår av skuleåret (jf. § 20-4).

Føresette til ikkje-myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg:

  • Varsling om eleven sitt fråvær.
  • Varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag eller dersom det er fare for at eleven kan få nedsett karakter i orden eller åtferd.
  • Informasjon om eleven og føresatte sine rettar etter opplæringslova og forskrifta.
  • Anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgjevnad. 

Konferansetimar haust 2022

Klasse Dato
1BAA 31. okt, 1. nov
1ELA 31. okt, 1. nov
1HOA 31. okt, 1. nov
1TPA 31. okt, 1. nov
1TPB 31. okt, 1. nov
1IDA 31. okt, 1. nov
1STA 31. okt, 1. nov
   
2ELEA 31. jan
2KPLA 31. jan
2PINA 31. jan
2SMEA 31. jan
2TMFA 31. jan
2STA 1. feb
3STA 1. feb