Hopp til hovedinnhold

Dette er viktig for oss

Odda vidaregåande skule skal vera ein inkluderande skule med høgt fagleg nivå, gode læringsresultat og framifrå trivsel. Visjonen vår er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra.

Ved skulen vår får du:

  • Spennande og varierte studieretningar med stor breidde i val av fag innan kvar studieretning.
  • Ein triveleg skule med moderne utstyr.
  • Eit aktivt og inkluderande læringsmiljø i tett samarbeid med næringslivet og offentlege institusjonar. Vi har gode erfaringar med å finna rett læreplass for våre elevar. 
  • Dyktige og engasjerte lærarar som tek deg på alvor og gir god oppfølging. 
  • Ein skule som er engasjert i internasjonalt samarbeid og internasjonale prosjekt
  • Eit tilbod i nærmiljøet som gir mange moglegheitar mellom anna innan organisasjonar, musikk, kultur og idrett.

Vår utviklingsplan har fire fokusområde

  • Vi skal vera ein samansveisa skule
  • Vi skal ha ein vel fungerande organisasjon
  • Vi skal ha gode utdanningstilbod
  • Vi skal vera ein attraktiv samarbeidspartnar

Vi fokuserer på desse tiltaksområda

  • Vurdering for læring
  • Lokale utviklingsprosjekt der initiativet kjem frå dei ulike avdelingane (lærar-/leiarhald), og der kvart prosjekt omfattar eit avgrensa tal på elevar og lærarar

Styringssignal:

  • Vidareføre VFL-arbeidet:
    • Korleis finne felles kriterier for god vurdering på avdelingane, eller innanfor seksjonane? Kva skal vere kjenneteikn og/eller felles malar for god vurderingspraksis?
  • «Småprosjekt»:
    • Eksperimentering i undervisningspraksis.
    • Forpliktingar? Pr. klasse? Pr. seksjon? Pr. avdeling?