- Du skal velje tre programfag + matematikk
- Vel to programfag du fordjupar deg i frå det programområdet du har valt. Det er to programområder: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Når du fordjupar deg i eit fag betyr det at du skal ha faget både på vg2 og vg3, til dømes kjemi 1 og kjemi 2 eller samfunnsøkonomi 1 og samfunnsøkonomi 2.
- I tillegg til dei to programfaga du fordjupar deg i skal du velje eitt programfag til. Dette valfrie programfaget treng ikkje å vere frå same programområde som dei to programfaga du fordjupar deg i. Dersom du berre vel to programfag frå same programområde må du fortsetje med desse to på vg3.
- Dersom du vel matematikk som programfag på vg2 (matematikk R1), skal du i alt velje fire programfag på vg2. Matematikk R1 er då det fjerde programfaget. Vel du programområde realfag må du velje matematikk R1 og R2.
- For å velje R1 må du ha hatt 1T.
Spørsmål og svar om framandspråk
For deg som ikkje har hatt framandspråk 2 i ungdomsskulen, må du ha fransk i alle tre åra hos oss. Då misser du mogelegheita til eit valfritt programfag i vg3.
Kva for eit nivå må eg ta for å erstatte framandspråk som fellesfag?
Dersom du hadde framandspråk på ungdomsskolen, må du ta minimum nivå I. Dersom du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskolen, må du ta minimum nivå II.
Må eg bestå både skriftleg og munnleg eksamen på same nivå?
Ja. Du får ikkje faget på vitnemålet om du ikkje har både munnleg og skriftleg frå same nivå. Du kan til dømes ikkje ha skriftleg karakter frå nivå II og munnleg karakter frå nivå III på vitnemålet. Men du kan ta munnleg og skriftleg eksamen i forskjellige terminar.
Kor mange karakterar kjem på vitnemålet?
To karakterar - den munnlege og den skriftlege - blir skrive på vitnemålet. Sjølv om du har tatt eksamen på fleire nivå, er det berre karakterane frå høgaste nivå som kjem på vitnemålet.
Kor mange språkpoeng får eg?
- Nivå I gir ingen språkpoeng. Dersom du hadde framandspråk på ungdomsskolen, gir morsmål nivå II 0,5 språkpoeng, fordi du har tatt et nivå høgare enn kravet. Dersom du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskolen, gir morsmål nivå II ingen poeng, fordi du må ta dette nivået.
- Nivå III gir alltid 1 språkpoeng.
- Du kan ikkje få meir enn 1,5 språkpoeng for same språk.
- Du får ikke språkpoeng for obligatoriske fag.