Hopp til hovedinnhold

Historie

Historia om Odda vidaregåande skule går heilt tilbake til 1916.

I 1916 fekk industrikommunen Odda eit vidaregåande opplæringstilbod med Den Tekniske Kveldsskulen. To år seinare fulgte Ålmenskulen etter. Odda Yrkesskule kom i gang like før krigen, etter at det hadde vore starta ulike kurs i snekkaropplæring, muring, husmorsskule og kommunal handelsskule. 

I 1959 fekk skulen eige bygg, som i dag husar Odda ungdomsskule. I 1960-åra kom det ny yrkesskulebygning og gymnasbygning, og 10 år seinare vart skulen ein del av Hordaland fylkeskommune. I 1994 vart Odda yrkesskule og Odda gymans slått saman til Odda vidaregåande skule. 

Meir om historia til skulen er skildra i Svein Ivar Angell sitt jubileumshefte Odda vidaregåande skule : ei 100-årsforteljing frå 2016.