Hopp til hovedinnhold

Lån og leige av skulelokale

Her får de informasjon om vilkåra for å låna/leige skulelokale. De finn òg lenke til bestillingsportalen.

Vestland fylkeskommune tilbyr utlån og utleige av lokale ved vidaregåande skular i tråd med ordninga Open skule. Aktivitetar der barn og unge under 20 år utgjer fleirtalet vert prioritert, og kan få gratis utlån innan fastsette rammer. 

Ved bestilling pliktar leigetakar å setje seg inn i gjeldande vilkår og lokal informasjon for skulen. 

Skulen sine lokale for utleige kan de søka opp og booka her:
https://www.bookup.no/  Søk opp skulen sitt namn og få oversikt over våre utlånsobjekt.

Langsiktige avtalar (over 12 månader) skal inngåast av eigedomsavdelinga. Typisk der fylkeskommunen har lengre avtalar med vertskommunar eller idrettslag.
Kontakt 
eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune 

Ansvar ved bruk av lokale

Det skal vere ein vaksen person (minst 18 år) til stades som har ansvar for lokala i perioden leigetakar nyttar dei. Leigetakar stiller med eigen tilsynsvakt. Leigetakar er ansvarleg for tryggleiken i leigeperioden, for at ordensreglar og husreglar vert følgde, og for eventuelle skadar som oppstår i leigetida. Leigetakar er erstatningsansvarleg for skadar på bygg og inventar. Vestland fylkeskommune har ikkje forsikring som dekkjer leigetakar sitt medbrakte utstyr. Leigeavtalen og ansvaret vert stadfesta av leigetakar i bookUp.  

Tilsynsvakt – rolle og oppgåver 

Ein tilsynsvakt er ein vaksen person som har ansvar for tilsyn med lokala medan dei er i bruk ved utlån eller utleige. Tilsynsvakta skal bidra til trygg bruk av bygget og sørgje for at gjeldande reglar vert følgde. 

Tilsynsvakta har mellom anna ansvar for å: 

  • vere til stades under heile leigetida. 
  • sjå til at ordensreglar og husreglar vert følgde. 
  • bidra til at brannvern- og tryggleiksrutinar blir overhaldne. 
  • handtere mindre avvik eller uønskte situasjonar. 
  • sjå til at lokala blir forlatne i ryddig og forsvarleg stand. 

Ordensreglar  

  • Lokala skal ryddast og forlatast i same stand som ved overtaking. 
  • Søl med vatn, mat eller drikke skal straks tørkast opp. 
  • Fast inventar skal ikkje flyttast eller endrast. 
  • Avfall skal sorterast. Større mengder avfall må leigetakar handtere sjølv. 
  • Skade på hus, inventar, utstyr eller personar skal snarast meldast til utleigar. 
  • Berre deltakarar i arrangementet skal ha tilgang til lokala. 
  • Røyking, alkohol og andre rusmiddel er forbode. 
  • Handtering av farleg materiale er ikkje tillate. 
  • Ansvarleg leigetakar eller tilsynsvakt kan vise bort personar som ikkje følgjer reglane.  
  • Lyd og støy skal haldast på eit nivå som ikkje er til sjenanse for naboar. 
  • Parkering skal berre skje på tilviste plassar. 
  • Nøklar eller adgangskort skal aldri lånast bort til andre. 


Brannvern og beredskap 

Leigetakar pliktar å setje seg inn i brannvernrutinar og beredskapsplanar som gjeld for lokala. Maksimalt personantal for kvart lokale skal overhaldast strengt i samsvar med brannforskriftene. 

Leigetakarar som nyttar lokale utan tilsynsvakt frå skulen, skal få brannvernopplæring av skulen sitt personale før bruk. Dersom opplæring ikkje er gjennomført, pliktar leigetakar sjølv å gjere seg kjend med rømmingsvegar, kontrollere at dei er frie, vite kor sløkkeutstyr og manuelle meldarar er plassert, og vurdere om deltakarar må informerast om rømming.

Branninstruks 

Viktige telefonnummer: 

110 – Brannvesen 

112 – Politi 

113 – Ambulanse 

116 117 – Legevakt  

Rutinar for lån og leige 

Rutinar for mellom anna overlevering og retur av nøklar, adgang til bygg, låsesystem og eventuell opplæring i bruk av lokale og utstyr. 

Leigeavtale

Nøkkel og nøkkelkort

Leigetakar/Brukar får utlevert eit nøkkelkort og/eller nøkkel. Nøkkel og nøkkelkort er personleg og skal ikkje lånast vidare til andre. Nøkkel og/eller nøkkelkort må du henta ihht avtalt tidspunkt på kontoret på Yrkesskulen. Då vert òg brannvernopplæring gjennomført og kontraktar signert.

Nøkkel og nøkkelkort skal returnerast når du forlet lokalet. Legg nøkkel og nøkkelkort i postkassa som heng på veggen i yttergangen. Ved leigeforhold som går over lengre tid, skal nøkkelkort og ev. nøkkel returnerast  etter avslutta utleigeperiode. Tap av nøkkel og nøkkelkort må straks meldast frå om. Kontaktperson/brukar er personleg ansvarleg for eventuelle kostnader til utskifting av nøkkelsystem som følgje av at nøklar vert mista og skal straks melda frå om slike forhold. 

Bruk av utstyr 

Leigetakar kan berre bruke utstyr som er avtalt på førehand, og pliktar å følgje rettleiing frå skulen. Leigetakar kan nytte gjestenettet (VLFK-Gjest) der dette er tilgjengeleg. Bruken skal skje i samsvar med fylkeskommunale retningslinjer.  

Brot på vilkåra 

Ved manglande rydding, skade eller brot på reglane, kan leigetakar bli fakturert for ekstrautgifter. Gjentakande brot kan føre til utestenging. 

Avbestilling 

Minimum 5 dagar avbestillingsfrist.