Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Elevar arbeider med skuleoppgåver på biblioteket.

Skulebiblioteket vårt finn du ved inngangspartiet til gymnasbygningen. Du kan låne bøker, arbeide med skuleoppgåver eller sitte og lese.

Opningstider og kontaktinformasjon 

Skulebiblioteket er ope i skuletida. Ved spørsmål eller behov for hjelp, ta kontakt med skulen på post.odv@vlfk.no eller telefon 53 64 96 00.

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du signere ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette signere. Lånekontrakten er digital og må signerast med MinID/BankID. Du kan då låne gratis skulebøker. Alt du låner på biblioteket må registrerast. Det er viktig at du tek godt vare på bøkene dine og ikkje byter bøker med andre i klassen.

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Dette kan bibliotekaren vår hjelpe deg med.

Læremiddel

Elevane låner lærebøkene sine på skulen. Boklageret er på biblioteket.

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

Web-søk

Her kan du søke i databasen til skulebiblioteket

Her kan du søke i databasen til Hardangerbiblioteka