Hopp til hovedinnhold

Læremiddel

Elevane låner sine lærebøker på skulen. Boklageret er på biblioteket på gymnasbygningen.

Bøker vil bli levert ut i løpet av dei to første vekene etter at skulen har starta. Innlevering av bøker vil skje i løpet av dei to siste skulevekene.

Utlevering og innlevering av bøker skjer klassevis og etter oppsett plan. Bøkene er eleven sitt ansvar i skuleåret. Bøker må erstattast dersom dei blir skada eller borte. Bøkene er registrert elektronisk i biblioteksystemet. Ved manglande innlevering blir det sendt faktura frå skolen.

Noko personleg materiell må elevane kjøpe sjølv. Kva som er nødvendig materiell og utstyr ut over dei gratis læremidla vil være avhengig av kva programområde ein skal gå. Informasjon om tilleggsmateriell/utstyr vert gitt ved skulestart.