Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Elev på Bygg- og anleggsteknikk arbeider

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

I dette faget får du bygge og vedlikehalde bygningar og anlegg. Du kan ta fagbrev som tømrar, taktekkar og mykje anna. Du som vel bygg- og anleggsteknikk bør ha praktisk sans, vere nøyaktig og ha godt handlag. Du bør vere sjølvstendig, men også kunne arbeide i team, sidan mange bygge- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper. På vilbli.no kan du lese meir om bygg- og anleggsteknikk.

Sjå meir om korleis det er å vere elev ved bygg- og anleggsteknikk på skulen vår:


Vi tilbyr

Bygg- og anleggsteknikk er eit praktisk program der mykje av opplæringa går føre seg ute på ulike byggeplassar. Lærarane har lang erfaring frå bransjen og samarbeider tett med verksemder i regionen med utplassering og prosjekt.

Hos oss kan du søkje:

  • vg1 bygg- og anleggsteknikk
  • vg2 tømrar

Søk opptak på vigo.no

Første skuleåret (vg1)

Det første skuleåret vil du ha programfaga arbeidsmiljø og dokumentasjon og praktisk yrkesutøving, i tillegg til fleire fellesfag. 

I programfaga vil du lære om:

  • produksjon og oppføring av nye bygningar og anlegg
  • ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg
  • om klima og teknologi
  • om bruk av teikningar, skildringar og berekningar
  • om kvalitet og tryggleik
  • materialkunnskap

Andre skuleåret (vg2)

Hos oss kan du søkje vg2 tømrar. Som tømrar arbeidar du ut frå rutinar, teikningar og arbeidsskildringar. Arbeidet inkluderer bruk av både handtverktøy, elektrisk verktøy og meir avansert utstyr. Det er også vanleg at tømraren nyttar digitale hjelpemiddel som oppslagsverk og for å dokumentere arbeidet. 

Sentrale arbeidsområde er:

  • konstruksjons- og innredningsarbeid i bygningar i tre, mur, stål eller betong
  • produksjon og montering av element, modular og innredningar
  • lafting
  • rehabilitering og vedlikehald av bygningar
  • teiknings- og konstruksjonsforståing
  • arbeidsplanlegging og drift av byggeplassar
Elev på bygg- og anleggsteknikk som arbeider

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. 

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.