Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje teknologi- og industrifag?
Ønskjer du å arbeide med teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner og køyretøy? Du bør ha praktisk sans, vere nøyaktig, ha godt handlag og kunne arbeide sjølvstendig og i team. Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din, kan dette vere programområdet som passar for deg.
Eit fagbrev innan teknologi- og industrifag gjev deg gode moglegheiter for jobb i vår region og elles i landet. Det gjev også høve til å utdanna deg vidare til dømes med teknisk fagskule eller ingeniørskule. På vilbli.no kan du lese meir om teknologi- og industrifag.
Sjå meir om korleis det er å vere elev ved teknologi- og industrifag på skulen vår:
Vi tilbyr
Odda vidaregåande skule har lang tradisjon med opplæring innan industrifag. Industrien i regionen vår har stort behov for å rekruttere lærlingar til dei ulike retningane vi tilbyr. Vi har godt utstyrte lokale og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike industriar.
Hos oss kan du søkja:
- vg1 Teknologi- og industrifag
- vg2 Industriteknologi
- vg2 Kjemiprosess og laboratoriefag