Idrettsfag

Elevar på tur på Folgefonna

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Kvifor velje idrettsfag?

Vi legg stor vekt på friluftsliv ved idrettslinja i Odda. Kvart år reiser vi på fleire overnattingsturar, i tillegg til dagsturar både haust og vinter.  Turane er både kjekke og lærerike, og skapar eit spesielt godt klassemiljø.

I Odda og Ullensvang har vi tilgang på særs gode treningsfasilitetar. Dette gjer at vi kan tilby gode treningsforhold innanfor mange ulike idrettar. På vilbli.no kan du lese meir om idrettsfag.

Sjå meir om korleis det er å vere elev ved idrettslinja på skulen vår:


Vi tilbyr

Idrettsfag kombinerer teoretisk utdanning med idrett og trening/toppidrettssatsing. Vi kan tilby eit breitt utval av idrettar og aktivitetar som saman med obligatoriske, allmenne fag, gjev deg generell studiekompetanse og ei allsidig idrettsutdanning. Idrettsfag gjev såleis talentfulle utøvarar høve til å kombinera teoretisk utdanning og idrettssatsing.

Søk opptak på vigo.no

Første skuleåret (vg1)

Dette året får du prøve deg i ei rekke ulike idrettar, som er med å leggje grunnlaget for ei allsidig utvikling. Friluftsliv inngår som ein viktig del av idrettsfag dette året, og du vil få vere med på turar med overnatting i telt eller under open himmel.

12 av 35 timar i veka er knytt til idrettsfaga. I fem av desse timene velgjer du mellom topp- eller breddeidrett. Nytt tilbod til idrettselevane innan breiddeidrett er Fjellsport. 

Andre skuleåret (vg2)

Dette året vil du få ei djupare praktisk og teoretisk innføring i idrettsfaga. Idrettsfaga utgjer 17 timar av dei 35 timane du har i veka. Også dette året er det turar i nye naturmiljø som vi gje deg nye opplevingar og erfaringar.

Tredje skuleåret (vg3)

Tredje året har du heile 22 timar til idrettsfaga. Treningslære vil vere eit stort og viktig teorifag som legg grunnlaget for å drive fornuftig og målretta trening. Å få god kunnskap om både eigen idrett og trening generelt, er viktig for å kunne trene riktig og utvikle seg så godt som mogleg. 

Turane dette året vil ta deg med på nye utfordringar og gje deg mange nye erfaringar og opplevingar. Eit opplærings- og treningsopphald i utlandet står også på programmet tredje året. 

Elevar på idrettsfag trenar

Vegen vidare

Utdanninga ved idrettslinja kvalifiserer til opptak til høgare utdanning på høgskule/universitet.