Elevundersøkinga vert gjennomført 29. oktober og 5. november.
Informasjon til foreldre om Elevundersøkinga
Kva er formålet med Elevundersøkinga?
Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skolen.
Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skolen, skoleeigaren og dei statlege
utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skole- og læringsmiljøet til elevane.
Resultat frå undersøkinga kan også bli brukt til forsking, statistikk og lagring i arkiv.
Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Elevundersøking på www.udir.no.
Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan også hoppe over spørsmål
dei ikkje ønskjer å svare på.
Behandlingsansvar og personvern
Når elevane svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om dei.
Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane blir behandla i tråd med
personvernregelverket.
Elevane skriv ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når eleven har svart på
undersøkinga, blir koplinga mellom påloggingskoden/-lenka til eleven og det eleven har svart
broten. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få
tilfelle (eksempelvis ved små skolar), kan det likevel være ein risiko for at nokre kan kjenne att
kven som har svart kva. Derfor har Utdanningsdirektoratet svært strenge reglar for å vise
resultat frå undersøkinga til skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene.
Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att
elevanes sine svar. Svara blir oppbevarte så lenge det er nødvendig.
I dei tilfella Utdanningsdirektoratet leverer ut svara til forsking, må forskarane følgje
direktoratet sine reglar for behandling av data og teieplikt, og dei må skriv under på ei
teieplikterklæring.
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkinga er
personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, og det supplerande
nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 19-3 og forskrift til
privatskolelova § 13-3.
Elevane kan ikkje krevje innsyn i, retting i eller sletting av svara, fordi svara ikkje kan knytast
direkte til eleven.
Rettsleg grunnlag for forsking, statistikk og lagring i arkiv er personvernforordninga art. 6 nr. 1
bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav j. Personopplysningsloven §§ 8 og 9 er det supplerande
nasjonale rettsgrunnlaget.
Har du spørsmål?
For meir informasjon kan du ta kontakt med skolen eller Utdanningsdirektoratet.
Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Telefon: +47 23 30 12 00
E-post: post@udir.no post@udir.no
Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Spørsmål om personvern kan
rettast til Utdanningsdirektoratet sitt personvernombod på: personvernombud@udir.no
Datatilsynet er klageinstans for behandlinga av personopplysningar i Elevundersøkinga. Du finn
meir informasjon på: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/klage-tildatatilsynet