Velkomenbrev til elevar 2025-26
Velkomen.
Me ynskjer deg hjarteleg velkomen som elev ved programområdet
Elektro og datateknologi
ved Odda vidaregåande skule
Skulen har lang tradisjon med opplæring innan elektrofag. Regionen vår har for tida stort behov for å rekruttere lærlingar til dei ulike retningane me tilbyr, og saman kan me tilby deg ei allsidig og god utdanning. Me har gode fasilitetar og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike delar innan elektrobransjen.
Me tilbyr:
· Ein allsidig og spennande skulekvardag.
· Varierte arbeidsoppgåver som er kopla til læreplanane våre.
· Engasjerte og gode lærarar som er oppteken av at du når læreplanmåla.
· Mykje praksis ute i bedrift.
Me ventar av deg:
- Trivs med ein hektisk og aktiv skulekvardag.
- Systematisk, nøyaktig, presis og oppteken av å gjere ditt beste.
- Ryddig og strukturert og har med deg nødvendig utstyr til undervisninga.
- Klarar å leggje vekk mobiltelefon i undervisningstida.
- Oppteken av eit godt skule- og klassemiljø, og kan innrette deg til skulereglementet vårt.
Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang av timeplanar, årsplanar, omvising på skulen, verte kjent med kvarandre og introduksjon i faga. Du vil og få all den informasjonen du treng kring utstyr og organisering.
Obs:
Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.
Når du skal vere elev ved elektrofag må du tenkje nøye gjennom kva datamaskin du vel. Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/
Me ber dykk lese gjennom kva som står her, og særleg det som står under fana «Val av maskin». På elektrofag er det nødvendig med ei maskin som har Windows. Dette for å t.d. takle undervisninga innan automasjon. Mac-maskiner fungerar ikkje på dette programområdet.
Kontaktlærar på Elektro og datateknologi Vg1 er Line Thomassen, og på Elenergi og Ekom Vg2 er mads Kaupang.
Om det er noko de lurar på før skulestart, kan de ta kontakt med avdelingsleiar for YF; Hildegunn Espe (97568650).
Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!
Helsing
Line og Mads