Hopp til hovedinnhold

Velkomen til helse- og oppvekstfag

Velkomenbrev til elevar 2025-26

Velkomen.

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen som elev ved programområdet 

Helse- og oppvekstfag
ved Odda vidaregåande skule

Skulen har lang tradisjon med opplæring innan Helse- og oppvekstfag. Regionen vår har for tida stort behov for å rekruttere lærlingar til dei ulike retningane me tilbyr, og saman kan me tilby deg ei allsidig og god utdanning. Me har gode fasilitetar og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike delar innan omsorgsyrke.

Me tilbyr:

·       Ein allsidig og spennande skulekvardag.
·       Varierte arbeidsoppgåver som er kopla til læreplanane våre.
·       Engasjerte og gode lærarar som er oppteken av at du når læreplanmåla.
·       Mykje praksis ute i bedrift.

 Me ventar av deg:

  • Trivs med ein hektisk og aktiv skulekvardag.
  • Systematisk, nøyaktig, presis og oppteken av å gjere ditt beste.
  • Ryddig og strukturert og har med deg nødvendig utstyr til undervisninga.
  • Klarar å leggje vekk mobiltelefon i undervisningstida.
  • Oppteken av eit godt skule- og klassemiljø, og kan innrette deg til skulereglementet vårt.

 

Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang timeplanar, årsplanar, omvising på skulen, verte kjent med kvarandre og introduksjon i faga.

 Obs:

Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.

Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine siderangåande elev-pc: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Me ber dykk lese gjennom kva som står her, og særleg det som står under fana «Val av maskin».

Kontaktlæraren på helsefag er Marianne Runnane for Vg1 og Kim Aleksandra Krohn Runnane for Vg2. I tillegg skal  Rita Haukaas ha undervisning i programfag.

Om det er noko de lurar på før skulestart, kan de ta kontakt med avdelingsleiar for YF; Hildegunn Espe (97568650).

  

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!

 

Med venleg helsing

Marianne, Kim, og Rita