Hopp til hovedinnhold

Velkomen til nytt skuleår

Informasjon i samband med skulestart 14. august 2025

 

VELKOMEN TIL NYTT SKULEÅR!

No gler vi oss til skulestart, og til å ta imot deg som elev ved Odda vidaregåande skule. Vi er glade for at du byrjar ved skulen vår, anten du er ny elev eller du gjekk her i fjor og skal halde fram. Vi ønskjer deg velkomen og ser fram til å møte deg torsdag 14. august. 

            Vg1 elevane møter kl. 08.20.   
            Vg2 og Vg3 elevane møter kl. 09.15.

Frammøtestad er aulaen i gymnasbygningen.Vi vonar du vil finne deg godt til rette saman med medelevar og tilsette ved skulen. Både elevar og tilsette vil samarbeide for at skulen skal bli ein god og inkluderande stad å vere. Saman vil vi arbeide for at du får utvikle deg og lære, samstundes som vi vil sjå til at du trivst.

Vedlagt finn du ein del praktiske opplysningar i samband med skulestart. Viktig informasjon om dei ulike programområda finn du på skulen si heimeside.

For føresette til elevar på Vg1 og Vg2 vil det vere eit eige foreldremøte på kveldstid, onsdag 20. august. Frammøte: i aula på gymnasbygningen. Kl. 18.00.

 Her vil vi presentere alle skulens pedagogar og miljøfagarbeidarar. Etter fellesmøtet vil føresette møta kontaktlærar for meir informasjon. Invitasjon til møtet for føresette ligg ved.

 Hybelbuarar vil bli inviterte til eige arrangement på skulen onsdag 27. august kl.15.00. Ta gjerne kontakt med skulen om du har spørsmål om hybel. Vi disponerer ikkje hyblar, men kan rettleie om kor du kan vende deg.

 Ta gjerne kontakt viss det er noko du lurer på.

 Velkomen!

 Geir Veland
     Rektor

 

 PRAKTISKE OPPLYSNINGAR I SAMBAND MED SKULESTART

 1. Første skuledag

Vg1 elevane møter kl. 08.20. 
Vg2 og Vg3 elevane møter kl. 09.15.

 Oppmøtestad er aulaen på gymnasbygget. Etter velkomsten i aulaen har kontaktlærar tid med elevane sine fram til lunsj. Etter lunsj følgjer elevane timeplanen med undervisning.

 Ta med skrivesaker, eigen PC og nistepakke. Dei som har skulekort for buss må hugse å ta dette med seg. Nye oblat får ein på administrasjonskontoret.

 2.  Skulestart

ei første skuledagane vil ein få informasjon om skulekvardagen. Vi vil klargjere kva for reglar som gjeld på skulen, og kva for forventningar vi har til deg. 

Vi tek sikte på ein aktivitetsdag/turdag torsdag 21.8.  Vi vil difor minne hybelbuarane om å ha med seg gode klede og sko til uteaktivitetar allereie første veka.

3. Læremiddel

Elevane vil få lærebøker på utlån. Skrivesaker, permar og naudsynt utstyr må elevane skaffe sjølve. Alle elevane må ha eigen PC i undervisninga. Vi viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider angåande elev-pc: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Vg2- og Vg3-elevane må hugse å ta med seg det nasjonale lånekortet dei fekk i Vg1 av biblioteket.

4. Skuletransport

Sjå Skoleskyssbillett
Søknadsskjema for skulereisekort blir levert ut første skuledag.

 5. Søknad om stipend/lån 2025-2026

 Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend: Videregående skole (lanekassen.no) 

Du må sjølv søkje om stipend, og du kan søkje først etter at du har fått skuleplass. Når du søkjer om stipend, vurderer Lånekassen om det er andre typar stipend du har rett til.

 Du finn meir informasjon om stipend og lån på lanekassen.no og på Lånekassen si side på Facebook for deg på vidaregåande skole.

 6. Skulefotografering og ID-kort

 Fredag 5. september er det fotografering. Desse bileta vil bli nytta i skulen si «Årbok», i skulen sitt administrative system og på elektronisk ID-kort. Last ned appen «It’s Me ID» og logg inn med Feide-konto for å få tilgang til ID-kortet.

 RETTEN TIL SKULEPLASS

 Vi gjer merksam på at frammøte til rett tid første skuledag er ein føresetnad for å halde på skuleplassen din. Viss du ikkje møter, får ein søkjar som står på venteliste automatisk plassen din.

Rektor kan berre unntaksvis, og etter skriftleg søknad, gje elevar fritak frå frammøte ved skulestart.

 

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med skulen på telefon 53 64 96 00 eller besøkje skulen, Yrkesskulebygningen. Skulen er open frå 4. august.

 

 Vel møtt torsdag 14. august 2025.

Vi ønskjer deg lukke til med komande skuleår.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til føresette

 

 

                                                                                                                                                                                                                                                                    Dato:  8. juli 2025

 

 

 

 

VELKOMEN TIL INFORMASJONSMØTE

 

 

Odda vidaregåande skule ynskjer føresette til elevar på Vg1 og Vg2 velkomen til informasjonsmøte

 

Onsdag 20. august kl. 18.00

Frammøtestad: Aulaen i gymnasbygningen.

 

 

På møtet vil skuleleiinga orientera om skulen og samarbeidet mellom skule og heim. Til stades er også lærarar, miljøfagarbeidarar, miljøkoordinatorar, rådgjevar og leiinga.

 

Etter felles orientering i aulaen, vil det vera eigne møter i klassane, saman med kontaktlærarane. 

 

 

 

Vel møtt!

 

 

 

Geir Veland

rektor