Velkomenbrev til elevar 2025-26
Velkomen.
Me ynskjer deg hjarteleg velkomen som elev ved programområdet
Teknologi- og industrifag
ved Odda vidaregåande skule
Skulen har lang tradisjon med opplæring innan industrifag. Industrien i regionen vår har for tida stort behov for å rekruttere lærlingar til dei ulike retningane me tilbyr, og saman kan me tilby deg ei allsidig og god utdanning. Me har gode fasilitetar og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike delar innan industrien.
Me tilbyr:
· Ein allsidig og spennande skulekvardag.
· Varierte arbeidsoppgåver som er kopla til læreplanane våre.
· Engasjerte og gode lærarar som er opptatt av at du når læreplanmåla.
· Mykje praksis ute i bedrift.
Me ventar av deg:
- Trivs med ein hektisk og aktiv skulekvardag.
- Systematisk, nøyaktig, presis og oppteken av å gjere ditt beste.
- Ryddig og strukturert og har med deg nødvendig utstyr til undervisninga.
- Klarar å leggje vekk mobiltelefon i undervisningstida.
- Oppteken av eit godt skule- og klassemiljø og kan innrette deg til skulereglementet vårt.
Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang som gjeld kva utstyr du må skaffe deg og om læreplanar i faga. Samt gjennomgang av ordensreglementet vårt.
Obs:
Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.
Når du skal vere elev ved TIF må du tenkje nøye gjennom kva datamaskin du vel. Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/
Me ber dykk lese gjennom kva som står her, og særleg det som står under fana «Val av maskin». På TIF er det nødvendig med ei maskin som har Windows. Dette for å t.d. takle dei store teikneprogramma som me nyttar i undervisninga. Mac-maskiner fungerar ikkje på dette programområdet.
Kontaktlærar på Teknologi- og industrifag Vg1 er Lars Arne Bleie og Lars Jordal. På Kjemiprosess- og laboratoriefag Vg2 er Anne Mette Grana kontaktlærar, på Vg2 Industriteknologi er Lars Arne Stenberg, og på Vg2 Smedfag er Michal Wunderlich kontaktlærar. I tillegg vil Arve Espe, Izabella Prestegård, Lars Olav Prestegård og Terje Berge undervise i programfaga.
Om det er noko de lurar på før skulestart, kan de ta kontakt med avdelingsleiar for YF; Hildegunn Espe (97568650).
Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!
Helsing
Lars Arne B, Lars, Anne Mette, Lars Arne S, Arve, Michal, Izabela og Terje.