Velkomenbrev til elevar 2025-26
Velkomen.
Me ynskjer deg hjarteleg velkomen som elev ved programområdet
Tilrettelagt opplæring
ved Odda vidaregåande skule.
Skulen har lang tradisjon med tilrettelagt opplæring, og saman utviklar me oss til det beste for deg. Me har gode fasilitetar og dyktige lærarar med mykje erfaring, og håpar me klarar å gje deg eit godt tilrettelagt tilbod innan den fagretninga du ynskjer. Me har fleire bedrifter i regionen som bidreg med plass for arbeidstrening, og på den måten kan me tilby arbeidspraksis for deg.
Me tilbyr:
· Ein allsidig og trygg skulekvardag.
· Varierte oppgåver som er kopla til eleven sin opplæringsplan.
· Engasjerte og gode lærarar/miljøfagarbeidarar som er opptekne av at du utviklar deg etter dine føresetnadar.
· Godt skulemiljø.
Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang av korleis skulen vår fungerar; timeplan, omvising på skulen, introduksjon til ulike fag og aktivitetar, og evt verte kjent med andre. Du vil og få all den informasjonen du treng kring utstyr og organisering av programområdet.
Obs:
Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.
Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/
Om det er noko de lurar på før skulestart, kan de ta kontakt med avdelingsleiar for YF/TO; Hildegunn Espe (97568650).
Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!
Helsing
Rita, Frid, Ann Elin, Grete, Marion, Mona, Monica, Ola og Sigrid