Hopp til hovedinnhold

Velkomen til skulestart

No gler vi oss til skulestart og til å ta imot deg som elev ved Odda vidaregåande skule!

Vi er glade for at du byrjar ved skulen vår, anten du er ny elev eller du gjekk her i fjor og skal halde fram. Vi ønskjer deg velkomen og ser fram til å møte deg måndag 22. august. 

Vi vonar du vil finne deg godt til rette saman med medelevar og tilsette ved skulen. Både elevar og tilsette vil samarbeide for at skulen skal bli ein god og inkluderande stad å vere. Saman vil vi arbeide for at du får utvikle deg og lære, samstundes som vi vil sjå til at du trivst.

Informasjonsmøte for føresette

For føresette til elevar på vg1 og vg2 vil det vere eit eige informasjonsmøte på kveldstid, tysdag 23. august. Her vil vi presentere alle skulens pedagogar og miljøfagarbeidarar. Etter fellesmøtet vil føresette møta kontaktlærar for meir informasjon.

  • Frammøte i aula på gymnasbygningen
  • Kl. 17.45 for føresette til elevar på vg1
  • Kl. 18.30 for føresette til elevar på vg2

Er du hybelbuar?

Hybelbuarar vil bli inviterte til eige arrangement på skulen tysdag 30. august kl. 15.00. Ta gjerne kontakt med skulen om du har spørsmål om hybel. Vi disponerer ikkje hyblar, men kan rettleie om kvar du kan vende deg.

Praktiske opplysningar i samband med skulestart

Første skuledag

  • Elevar på vg1 møter kl. 08.20
  • Elevar på vg2 og vg3 møter kl. 09.15
  • Kandidatar ved vaksenopplæringa møter kl. 09.15
  • Oppmøtestad er aulaen på gymnasbygget

Etter velkomsten i aulaen har kontaktlærar tid med elevane sine fram til lunsj. Etter lunsj følgjer elevane timeplanen med undervisning.

Ta med skrivesaker, eigen PC og nistepakke. Dei som har skulekort for buss må hugse å ta dette med seg. Nytt oblat får du på administrasjonskontoret.

Skulestart

Dei første skuledagane vil du få informasjon om skulekvardagen. Vi vil klargjere kva for reglar som gjeld på skulen, og kva for forventningar vi har til deg. 

Vi tek sikte på ein aktivitetsdag/turdag torsdag 25. august. Vi vil difor minne hybelbuarane om å ha med seg gode klede og sko til uteaktivitetar allereie første veka.

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du signere ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette signere. Lånekontrakten er digital og må signerast med MinID/BankID. Her kan du signere lånekontrakten.

Læremiddel

Som elev vil du få lærebøker på utlån. Skrivesaker, permar og naudsynt utstyr må du skaffe sjølv. Du må òg må ha eigen PC i undervisninga. Vg1-elevar skal ha fått tilbod om å kjøpe via Vestland fylkeskommune. Vg2- og vg3-elevane må hugse å ta med seg det nasjonale lånekortet dei fekk i vg1 av biblioteket. Alle får bokskap med lås på skulen.

Skuletransport

Skyss har ansvar for skuleskyssen i Vestland fylke. Du kan lese meir om skuleskyssordninga for elevar i vidaregåande opplæring, og korleis du søkjer om skuleskyss på nettsida til Skyss.

Søknad om stipend/lån

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend. Du må sjølv søkje om stipend, og du kan søkje først etter at du har fått skuleplass. Når du søkjer om stipend, vurderer Lånekassen om det er andre typar stipend du har rett til.

Du finn meir informasjon om stipend og lån på lanekassen.no og på Lånekassen si side på Facebook for deg på vidaregåande skole.

Skulefotografering og ID-kort

Torsdag 8. og fredag 9. september er det fotografering. Desse bileta vil bli nytta i skulen si «årbok», i skulen sitt administrative system og på elektronisk ID-kort. Last ned appen «It’s Me ID» og logg inn med Feide-konto for å få tilgang til ID-kortet.

Samtykke til bruk av bilete og film

Vi syns det er kjekt å dela glimt frå skulekvardagen på nettsidene våre, sosiale medier og i reklamemateriell. Vi håpar at du som elev tenkjer det er greitt å vere med på bileta vi publiserer. Derfor ønskjer vi at du signerer vårt digitale samtykkeskjema. Er du under 16 år, må føresette signere avtalen òg. Det blir sendt melding om signering til føresette etter at du som elev har signert og meldt inn nødvending informasjon. 

Retten til skuleplass

Vi gjer merksam på at frammøte til rett tid første skuledag er ein føresetnad for å halde på skuleplassen din. Viss du ikkje møter, får ein søkjar som står på venteliste automatisk plassen din. Rektor kan berre unntaksvis, og etter skriftleg søknad, gje elevar fritak frå frammøte ved skulestart.

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med skulen på telefon 53 64 96 00 eller besøkje skulen. Administrasjonen ligg i 1. etasje på yrkesfagbygningen.

Vel møtt måndag 22. august 2022.
Vi ønskjer deg lukke til med komande skuleår.