Hopp til hovedinnhold

Skulestart 2023-24

Informasjon om skulestart 17. august

VELKOMEN TIL NYTT SKULEÅR!

No gler vi oss til skulestart, og til å ta imot deg som elev ved Odda vidaregåande skule. Vi er glade for at du byrjar ved skulen vår, anten du er ny elev eller du gjekk her i fjor og skal halde fram. Vi ønskjer deg velkomen og ser fram til å møte deg torsdag 17. august. 

Vg1 elevane møter kl. 08.30. Vg2 og Vg3 elevane møter kl. 09.30. Kandidatar ved vaksenopplæringa møter kl 09.30.

Frammøtestad er aulaen i gymnasbygningen.

Vi vonar du vil finne deg godt til rette saman med medelevar og tilsette ved skulen.

Både elevar og tilsette vil samarbeide for at skulen skal bli ein god og inkluderande stad å vere. Saman vil vi arbeide for at du får utvikle deg og lære, samstundes som vi vil sjå til at du trivst.

Vedlagt finn du ein del praktiske opplysningar i samband med skulestart.

For føresette til elevar på Vg1 og Vg2 vil det vere eit eige foreldremøte på kveldstid, tysdag 22. august.

Frammøte: i aula på gymnasbygningen kl. 18.00.

Her vil vi presentere alle skulens pedagogar og miljøfagarbeidarar. Etter fellesmøtet vil føresette møta kontaktlærar for meir informasjon.

Invitasjon til møtet for føresette kjem på skulen si heimeside i veke 32.

Hybelbuarar vil bli inviterte til eige arrangement på skulen tysdag 29. august kl.15.00. Ta gjerne kontakt med skulen om du har spørsmål om hybel. Vi disponerer ikkje hyblar, men kan rettleie om kor du kan vende deg.

Vi ønskjer deg framleis ein god ferie og ser fram til å møte deg 17. august.

Ta gjerne kontakt viss det er noko du lurer på.

Velkomen!

  

Geir Veland

Rektor

 

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR I SAMBAND MED SKULESTART

  1. Første skuledag

Vg1 elevane møter kl. 08.30. Vg2 og Vg3 elevane møter kl. 09.30. Kandidatar ved vaksenopplæringa møter kl. 09.30

Oppmøtestad er aulaen på gymnasbygget. Etter velkomsten i aulaen har kontaktlærar tid med elevane sine fram til lunsj. Etter lunsj følgjer elevane timeplanen med undervisning.

Ta med skrivesaker, eigen PC og nistepakke. Dei som har skulekort for buss må hugse å ta dette med seg. Nye oblat får ein på administrasjonskontoret.

  1. Skulestart

Dei første skuledagane vil ein få informasjon om skulekvardagen. Vi vil klargjere kva for reglar som gjeld på skulen, og kva for forventningar vi har til deg. 

  1. Læremiddel

Elevane vil få lærebøker på utlån. Skrivesaker, permar og naudsynt utstyr må elevane skaffe sjølve.

Alle elevane må ha eigen PC i undervisninga. VG1-elevar skal ha fått tilbod om å kjøpe via Vestland fylkeskommune.

Vg2- og Vg3-elevane må hugse å ta med seg det nasjonale lånekortet dei fekk i Vg1 av biblioteket.

Alle får bokskap. Du kan kjøpa hengelås til bokskapet på skulen.        

  1. Skuletransport

Sjå https://www.vestlandfylke.no/Kollektivogtransport/skuleskyss/

Søknadsskjema for skulereisekort blir levert ut første skuledag.

  1. Søknad om stipend/lån 2023-2024

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend.

Du må sjølv søkje om stipend, og du kan søkje først etter at du har fått skoleplass. Når du søkjer om stipend, vurderer Lånekassen om det er andre typar stipend du har rett til.

Du finn meir informasjon om stipend og lån på lanekassen.no og på Lånekassen si side på Facebook for deg på vidaregåande skole.

  1. Skulefotografering og ID-kort

Torsdag 7. og fredag 8. september er det fotografering. Desse bileta vil bli nytta i skulen si «Årbok», i skulen sitt administrative system og på elektronisk ID-kort. Last ned appen «It’s Me ID» og logg inn med Feide-konto for å få tilgang til ID-kortet.

RETTEN TIL SKULEPLASS

Vi gjer merksam på at frammøte til rett tid første skuledag er ein føresetnad for å halde på skuleplassen din. Viss du ikkje møter, får ein søkjar som står på venteliste automatisk plassen din.

Rektor kan berre unntaksvis, og etter skriftleg søknad, gje elevar fritak frå frammøte ved skulestart.

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med skulen på telefon 53 64 96 00 eller besøkje skulen, yrkesskulebygget.

Vel møtt torsdag 17. august 2023.

Vi ønskjer deg lukke til med komande skuleår.