Informasjon om skulestart 2024-25
Velkomen.
Me ynskjer deg velkomen som elev ved programområdet
Tilrettelagt opplæring ved Odda vidaregåande skule.
Skulen har lang tradisjon med opplæring innan tilrettelagt opplæring. Me har gode fasilitetar og dyktige lærarar med mykje erfaring, og håpar me klarar å gje dykk eit godt tilrettelagt tilbod innan den fagretninga du ynskjer.
Me tilbyr:
· Ein moderne skule med nytt og oppgradert utstyr.
· Ein allsidig og spennande skulekvardag.
· Varierte arbeidsoppgåver som er kopla til opplæringsplanen din.
· Engasjerte og gode lærarar som er oppteken av at du når måla dine.
· God rettleiing og oppfølging
Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang av timeplan, årsplan, omvising på skulen, verte kjent med kvarandre og introduksjon til ulike fag/aktivitetar.
Obs:
Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.
Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider angåande elev-pc: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/
Om det er meir du/de ynskjer informasjon om, så ver venleg å ta kontakt med oss.
Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!
Med venleg helsing
Hildegunn, avdelingsleiar for TO