Hopp til hovedinnhold

Velkommen til elevar på byggfag

Informasjon om skulestart 2023-24

Velkommen.

Me ynskjer deg velkommen som elev ved programområdet

Bygg- og anleggsteknikk ved skulen vår.

Skulen har lang tradisjon med opplæring innan byggfag. Byggenæringa i regionen vår har for tida stort behov for å rekruttere lærlingar til ulike retningane. Me har oppgradert utstyr og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike delar av byggenæringa.

Me tilbyr:

  • Ein nyoppussa skule med nytt og oppgradert utstyr.
  • Ein allsidig og spennande skulekvardag.
  • Varierte arbeidsoppgåver som er kopla til læreplanane våre.
  • Engasjerte og gode lærarar som er opptekne av at du når læreplanmåla.
  • Mykje praksis ute i bedrift.

Me ventar av deg:

  • Trivs med ein hektisk og aktiv skulekvardag.
  • Systematisk, nøyaktig, presis og oppteken av å gjere ditt beste.
  • Ryddig og strukturert og har med deg nødvendig utstyr til undervisninga.
  • Klarar å leggje vekk mobiltelefon i undervisningstida.
  • Oppteken av eit godt skule- og klassemiljø og kan innrette deg til skulereglementet vårt.
  • Bidreg til at det er ryddig og god orden.

Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang av timeplanar, årsplanar, omvising på skulen, verte kjent med kvarandre og introduksjon i faga. Du vil og få all den informasjonen du treng kring utstyr og organisering av programområdet.

Obs:

Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.

Når du skal vere elev ved byggfag må du tenkje nøye gjennom kva datamaskin du vel. Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Me ber dykk lese gjennom kva som står her, og særleg det som står under fana «Val av maskin». På byggfag er det nødvendig med ei maskin som har Windows. Dette for å t.d. takle dei store teikneprogramma som me nyttar i undervisninga.

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!

 

Helsing Amund og Tarjei