Hopp til hovedinnhold

Velkommen til elevar på helse og oppvekstfag

Informasjon om skulestart 2023-24

Velkommen.

Me ynskjer deg velkommen som elev ved programområdet

Helse- og oppvekstfag ved skulen vår.

Skulen har lang tradisjon med opplæring innan Helse- og oppvekstfag. Regionen vår har for tida stort behov for å rekruttere lærlingar til dei ulike retningane me tilbyr, og saman kan me tilby deg ei allsidig og god utdanning. Me har gode fasilitetar og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike delar innan omsorgsyrke.

Me tilbyr:

  • Ein nyoppussa skule med nytt og oppgradert utstyr.
  • Ein allsidig og spennande skulekvardag.
  • Varierte arbeidsoppgåver som er kopla til læreplanane våre.
  • Engasjerte og gode lærarar som er oppteken av at du når læreplanmåla.
  • Mykje praksis ute i bedrift.

 

Me ventar av deg:

  • Trivs med ein hektisk og aktiv skulekvardag.
  • Systematisk, nøyaktig, presis og oppteken av å gjere ditt beste.
  • Ryddig og strukturert og har med deg nødvendig utstyr til undervisninga.
  • Klarar å leggje vekk mobiltelefon i undervisningstida.
  • Oppteken av eit godt skule- og klassemiljø, og kan innrette deg til skulereglementet vårt.
  • Bidreg til at det er ryddig og god orden.

Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang timeplanar, årsplanar, omvising på skulen, verte kjent med kvarandre og introduksjon i faga.

Obs:

Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.

Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider angåande elev-pc: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Me ber dykk lese gjennom kva som står her, og særleg det som står under fana «Val av maskin».

Kontaktlæraren på helsefag er Kim Aleksandra Krohn Runnane for Vg1 og Marianne Runnane for Vg2. I tillegg skal  Rita Haukaas, Steinunn Torsteinsdottir og Linn Steinsland væra i  klassen på Vg1 og Vg2.

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!

 

Med venleg helsing

Marianne, Kim, Rita, Steinunn og Linn