Vanleg skule fredag 19. januar, men heimeskule for elevar frå Jondal og Kvinnherad
Oransje farevarsel for store nedbørsmengder gjeld gamle Hordaland fylke, bortsett frå Odda-området.
Det vert normal skule for dei fleste elevane fredag 19. januar, men elevar som er bosett i Jondal og Kvinnherad kan halda seg heime og få digital undervisning. Faglærar vil informera elevane det gjeld og kopla dei på digitalt.