Hopp til hovedinnhold

Velkommen til elevar på TIF

Informasjon om skulestart 17. august

Velkomen til TIF.

Me ynskjer deg velkommen som elev ved programområdet

Teknologi- og industrifag ved skulen vår.

Skulen har lang tradisjon med opplæring innan industrifag. Industrien i regionen vår har for tida stort behov for å rekruttere lærlingar til dei ulike retningane me tilbyr. Me har godt utstyrte lokale og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike industriar.

Me tilbyr:

  • Ein nyoppussa skule med nytt og oppgradert utstyr.
  • Ein allsidig og spennande skulekvardag.
  • Varierte arbeidsoppgåver som er kopla til læreplanane våre.
  • Engasjerte, men strenge lærarar som er opptatt av at du når læreplanmåla.
  • Mykje praksis ute i bedrift.

Me ventar av deg:

  • Trivs med ein hektisk og aktiv skulekvardag.
  • Systematisk, nøyaktig, presis og oppteken av å gjere ditt beste.
  • Ryddig og strukturert og har med deg nødvendig utstyr til undervisninga.
  • Klarar å leggje vekk mobiltelefon i undervisningstida.
  • Oppteken av eit godt skule- og klassemiljø og kan innrette deg til skulereglementet vårt.
  • Bidreg til at det er ryddig og god orden.

Fyrste skuledag vil du få ein gjennomgang som gjeld kva utstyr du må skaffe deg og om læreplanar i faga. Samt gjennomgang av ordensreglementet vårt.

Obs:

Med ein gong du har fått tildelt skuleplass og har takka ja, kan du bestille datamaskin og søkje lånekassen om t.d. utstyrsstipend.

Når du skal vere elev ved TIF må du tenkje nøye gjennom kva datamaskin du vel. Me viser til informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Me ber dykk lese gjennom kva som står her, og særleg det som står under fana «Val av maskin». På TIF er det nødvendig med ei maskin som har Windows. Dette for å t.d. takle dei store teikneprogramma som me nyttar i undervisninga.

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!

 

Helsing Terje, Lars Arne, Anne Mette, Arve, Michal, Izabela og Henry.